«Vårbekkvakkert»

Kammerkoret Bocca, leidd av dirigent Ive Buch Romme serverte vårsmelting i Avaldsneskyrkja palmesundagskvelden. Kammerkoret Bocca i bakgrunnen; foran f.v.: Arnfinn Tobiassen (orgel); Tobias Tellmann (cello); Ive Buch Romme (dirigent) og Tore Yttredal (saxofon) (Foto: Lars-Toralf Storstrand)

«Vårbekkvakkert»

Det var en flott prestasjon av kammerkoret Bocca i Avaldsnes kirke søndag kveld.

Lars-Toralf Storstrand Lars-Toralf Storstrand
E-post

Prøv om du kan, å forestilla deg improvisering med pipeorgel og cello, eller pipeorgel og saxofon. Det høyrest kan henda ikkje så ofseleg gjevt ut – før ein har høyrt det, men du kor godt dei høvde saman. Til tider var det mest som eg kunne høyra vårsmeltande bekkar sildra i Avaldsneskyrkja.

«Gled deg storleg, Zions dotter», var måten kammerkoret Bocca opna sundagskveldskonserten i høve Palmesundag i Avaldsneskyrkja på – og sette på den måten tonen for kvelden. Det var vakkert. Og vakrare skulle det bli med improvisasjon, avTor Yttredal på saxofon og deretter det kjende musikkstykket «Miserere» som etter segnet i si tid vart stôle frå Vatikanstaten med den unge Wolfgang Amadeus Mozarts minne, etter at han hadde vore hjå paven som 13-åring og blitt heidra. Før dette hadde musikkstykket vore utelukkande for øyro innanføre.

Sonate for gambe nr. 3 BWV 1029, 1.sats er noko for seg sjølv. Det var her eg først merka korleides det sildra vakkert nedetter ryggstomna mi for alvor.

Sjølv for ein lågkyrkjeleg fantast som underskrivne kan faktisk latinsk messesong vera vakkert. For vakkert var det å høyra både «Miserere» og «O Lux Beatissima». Det er noko som skil seg ut med dette klassiske språket, som i all sin stivpynta prakt – kan brukast til å mala noko så enkelt og mønsterfyld.

Noko av det same gjeld pipeorgelet, eller kyrkjeorgelet om du vil. Og at Arnfinn Tobiassen kan kunsten å bruka dette ruvande instrumentet – det rår det inga eve om. Og dessutan; kva anna instrument kan vel brukast til å fortelja alt frå sildrande vårbekkar til vill vind og knusande bølgjer mot haustskjer?

Men mest av alt var det Johann Sebastian Bachs «Jesu meine Freude» som tende denne lyttaren. Det var, for å seia det med min ungdomsskuletysk «Wie schön wie der Bach in frühling» (er du tysklærar får du orsaka meg den feilplasserte store bokstaven), ein omtale som på norsk kan samanfattast i eit enkeltståande ord: Vårbekkvakkert.

E-post