Islandshestparadiset på Halseid

Den nye ridehallen

Islandshestparadiset på Halseid

På Halseid, dryge fem kilometer frå grenseskillet mellom Rogaland og Hordaland, Haugesund og Sveio, har Marie Cecilie Clausen Kolnes bygt seg ny ridehall. Det treng ho. For ho har tretti islandshestar, minst, å ta seg av.

Lars-Toralf Storstrand Lars-Toralf Storstrand
E-post

Marie-Cecilie Clausen Kolnes

Ho begynte med hestar då ho var kring 14 år gammal. Sidan har det berre balla på seg. –Jobba litt på ridesenter om ettermiddagane, og endte opp med å utdanna meg til rideinstruktør.

–Og det var jo på stor hest. Det var først seinare eg gjekk over på islandshestar, og det er jo berre islandshestar me har, seier og fortel at interessa førte til at dei kjøpte seg gard, ho og mannen – som er bonde, og at det derifrå har utvikla seg i større og større grad.

Idag driv ho og mannen profesjonelt innan avl, temming og trening av islandshestar på Haugalandet.

Særeigen art

–Islandshesten er særeigen på mange måtar. Han har jo, som mange veit, to ekstra gangartar som vanlege hestar ikkje har, dessutan er han viljesterk og vel så sterk som ein stor hest.

Når det gjeld gangarten tølt, er den på mange måtar lik den gangarten som heiter skritt, men allikevel annarleis. –Beinflyttingstakta er den same, fortel Cecilie, som ho føredreg å bli kalla, men medan skritt har to til tre bein i bakken til eikvar tid, har tølt eitt til to bein i bakken til eikvar tid. Det gjer at det blir meir komfortabelt for ryttaren, som ikkje blir skumpa så mykje.

–Det er ein behageleg måte å koma seg fram på når ein skal ri, seier ho og tilrår islandshesten som familiehest – og turhest ikkje minst. –Dessutan har dei godt gemytt og er samarbeidsvillige og er greie å ha med seg.

Fascinerande

Ein annan ting som gjer islandshesten til ein god familiehest er at han høver for alle. –Islandshesten er ikkje berre ein hest for dei eldste, eller for dei yngste, men ein hest som alle kan vera med på å ha det kjekt. Dessutan så blir dei eldre enn andre hestar, og ein kan ha glede av dei mykje lengre.

–Når me, i familien vår, skal einkvan stad, så held me alle på me hestar, så rir me saman – det er samanbindande for familien, fortel Cecilie.

–I mange andre idrettar er aldersgrenseskillene mykje strengare, og det gjer nettopp islandshesten så mykje meir fascinerande; tykkjer eg, seier ho.

–Det er greitt nok å kjøra ungar og barnebarn til fotballtrening og andre arrangement, men så blir det likevel ikkje samlande på same måten – fordi besteforeldra gjerne ikkje kan vera med på same måten som kring ein hest.  –Betre å vera aktive deltakarar enn å sitja i bilen å venta, veit du.

Overkommeleg pris

Kor mykje kostar det så å kjøpa seg ein islandshest, spør me. Og får svar.

–Han er ikkje billig, men ein brukbar islandshest får ein frå 40 000 og oppetter.  Konkurransehestar ligg frå 120 til 400 000, så det er jo snakk om heilt andre pengar igjen, fortel ho.

–Det er eit ganske tøft konkurransemiljø, så det er ikkje så reint få som rir islandhest i konkurransar rundt om i landet, og faktisk i heile Europa.

Ridehall, men ikkje rideskule

Den nye ridehallen sett utenfra

Nyleg har Cecilie og mannen hennar bygd seg ridehall ved sida av låven på bruket, og den store hallen på drygt 730 kvadratmeter står der og vitnar om at hest – det utgjer ein stor del av livet her til gards.

–Men det er dette me driv på me, så me treng ein stad å ri når det regnar som verst, – og då er ridehallen eit naudsynt tiltak.

–Me har ikkje hus med sjøen og hytte på fjellet, men brukar det eg har på hestar, eg, seier ho og fortel at ev nokon vil kjøpa seg ein hest er det vågnadleg å ordna det – men at ho ikkje driv ridekursing utover den grunnleggjande opplæringa ein får når ein går til det steget å kjøpa seg hest.

–Dette området er nedslagsområde for drikkevatn, så det lar seg ikkje gjera å få det til, seier ho og understrekar kor viktig det er å ta omsyn. – Det er ein del restriksjonar.

Opplæring

Når det gjeld opplæring er det ymist kva folk treng. –Sume treng meir trening og innføring enn andre, seier Cecilie, og legg til at andre treng mindre. Enkelte har gått på rideskule og lært å ri på stor hest, men det er heilt annarleis. Sume treng kanskje fjorten dagar med opplæring, medan andre treng nokre månadar for å bli trygg på seg sjølv – og på hesten.

–Nokre kan jo ta hesten med seg andre plassar og få undervisning der. Det fins mange stader rundt om i landet der ein held på med islandshest.

Islandsk tradisjon

Eit særtrekk med islandshestane er mellom anna at dei alltid får eit islendskklingande – eller aller helst islendsk namn. Men namnet kan gjerne avspegla særtrekk med hesten, som til dømes at ein hest som har ei stjerne i panna typisk sett vil få eit namn som har «Stjérna» i seg.

Ho må tenkja seg om, Cecilie, for å koma på nokre namn. –«Raudur» til dømes, heiter som han gjer fordi han er raudlett i fargen. «Orradis» vart fødd medan morgondisen låg tjukk ute, og me var opptatt med å hjelpa ei orrhøne å få kyllingane sine trygt over vegen.

–Namna kan ha namn frå kor dei vart fødd, kva tid dei vart fødd, seier ho og nemner «Morgundis» som ein anna namn. –Men det er ikkje alltid at namna er like gjennomtenkt som det, for all del – men meir enn mange av dei tåpelege namna som ein kan sjå på hestar generelt, seier Marie Cecilie Clausen Kolnes.

E-post