Sommartreff med «sprut» i ØlensvågSpill av video

Nokre av ungdommane som var samla til sommartreff på Lundeneset i Ølensvåg – og som ikkje var redde for å bli våte. F.v. Hanna Monsen, Sissel Hauge, Amalie Monsen, Sara Bjørheim, Emilie Fjelldal, Silje Gard Fiskå, Ingeborg Sande Turøy, Aina Seilskjær (leder), Bergitte Velde, Jenny Rygh, Eline Gilje, Ingrid Gomo, Tårn Helge Helgøy (oppe, f.v.) Jon Magne Sande Turøy (leder), Eirik Fiskå (leder), Tomas Helgeland vart diverre «halshogd» i prosessen. (Foto: Lars-Toralf Storstrand).

Sommartreff med «sprut» i Ølensvåg

Siste halvdelen av denne veka har cirka 100 ungdomar frå 8. til og med 10. klasse vore samla på «sommartreff» på den kristne privatskulen Lundeneset i Ølensvåg, og gjennomlevd aktivitetar både med og utan «sprut».

Lars-Toralf Storstrand Lars-Toralf Storstrand
E-post

Det er organisasjonen Norsk Luthersk Misjonssamband som arrangerer sommarleiren, som rettar seg mot ungdom i første del av tenåra, nærare sagt 8. til 10. klasse.

–Her er det aktivitetane som står i sentrum, fortel Eirik Stensland som arbeider som ungdomsarbeidar ved skulen, og er ein av leiarane under den pågåande sommarleiren. –Me driv med landsport og vannsport, sjølvsagt fotball og volleyball, men òg med andre aktivitetar som korsong og hobbyaktivitet.

Stensland fortel at i år er det hundre ungdomar som er med på leiren, noko som er mykje mindre enn dei andre åra den same sommarsamlinga har funne stad. I år er det fjerde året sommartreffet går av stabelen. –Tidlegare har det vore 150 med på treffet.

Men kvifor nettopp Ølensvåg?

–Me har funne ut at Lundeneset er ein god plass for å ha ei slik aktivitetssamling, faktisk tykkjer me at det er den perfekte staden for å ha alle desse ulike aktivitetane samla på ein stad, seier han og siktar til både storleiken på anlegget og plasseringa.

Lundeneset som opphaveleg var handel&kontor-retta skule, driv idag tre liner, studiespesialisering, service/samferdsel og media/kommunikasjon, samt påbygg til generell studiekompetanse.

Nede ved sjøen, berre nokre få hundre meter frå Westcon sitt anlegg, fann me ein flokk ungdomar med god «sprut» i, i full gang med leik i det våte element, som til dømes å bli taua etter båt i høg fart og spretne hopp på «blobb» (sjå filmen for nærare forklaring).

E-post