Appex DM

Trippelt spadestikk for ny barnehageSpill av video

Trippelt spadestikk for ny barnehage

Det var med drust og dramb at det fredag blei gjort dei tre første seremonielle spadestikka for bygginga av den nye delen av Åkra Sokneråds Barnehage – og det ikkje berre av dei store.

Lars-Toralf Storstrand Lars-Toralf Storstrand
E-post

Det var i 2009 at tankane byrja å renna på plass om utviding av større plass for barnehagen på Åkrehamn på Karmøy. Og soknerådet som står som offisiell eigar for den halvprivate barnehagen, møtte velvilje frå kommunalt hald.

–Og no er me altså klare til å byrja utbygginga, sa Jan Birger Medhaug til dei frammøtte – borna inkludert – som enno ikkje var reist på ferie med mamma og pappa, då dei tre første spadestikka blei sette.

Barnehagen som opphaveleg blei bygt i 1984 er per idag på 450 kvadrameter, og den nye delen som skal byggjast blir på 670 kvm. Dermed vil talet på plassar i barnehagen auka til 118, som er kring det doble av i dag.

Bak planane for det nye barnehagebygget ligg det mykje omtanke – og mange råd, mellom anna har både fylke, kommune og biskop vore med i rådslaginga, sidan barnehagen ligg omtrent vegg i vegg med kyrkja på Åkrehamn.

–Totalt kjem arbeidet med barnehagen til å kosta 35 millionar kroner, men i den summen ligg òg renovering av den, eller eigenleg dei tre gamle avdelingane av barnehagen, seier Jan Birger Medhaug. I dette ligg mellom anna nye luftsirkulasjonsanlegg. Når det gjeld den nye delen kjem den til å innehalda både sløydsal og drivhus, og delar av bygget er laga slik at det blir akebakke på taket. Det er arkitektane Brandsberg-Dahl i Stavanger, som òg stod bak utforminga av kyrkja, som står bak arkitekturen.

–Me er veldig glade for at dei som har lagt planane for bygginga av barnehagen har greidd å skapa ein god balanse mellom det pragmatiske og det prinsipielle, seier Ørjan Røed, som er kultur- og oppvekstsjef i Karmøy Kommune. Han legg til at har er nøgd med at det har vore lagt rimeleg stor vekt på kvaliteten, sjølv om kvaliteten kostar, og er godt nøgd med prosjektet.

–Det er eit ganske så unikt prosjekt dette, summa summarum, konkluderer Ørjan Røed.

Åkra Sokneråds nye barnehageanlegg er planlagt ferdig til neste sommar. I mellomtida skal kjellaren på kyrkja og den lokale pinseforsamlinga sitt lokale, Salen, fungera som barnehage.

E-post