Appex DM

Endeleg er dei her

Endeleg er dei her

Lars-Toralf Storstrand Lars-Toralf Storstrand
E-post

Alt lenge har ein kunne sett skilt langs vegen som opererer med «norske jordbær» til den nette sum av 19 kroner korga, men dette har blitt avvist av den eine jordbærbonden etter den andre – og ekspertar i media likså. Norske jordbær kan praktisk talt ikkje koma ned på det prisnivået, seier dei.

Men kva gjer vel det, når ein får så mykje smak for 35 kroner korga?

–Det er noko spesielt med den norske smaken. Det har litt å seia at me har kalde netter i blømingstida, seier Helge Gjerde som er jordbærbonde frå Jelsa. Han legg til at det dei lyse nettene er viktige.

–Alt dette er med å skapa betre jordbær, seier han og fortel at det er Corona det går mest av. –Dei er saftigast og søtast, men dei må fort ut.

Tidlegare var det jordbærtypen senga sengana som dominerte den norske marknaden, men det har endra seg.

–Den eignar seg dårleg på friland, og tåler lite av råtaver, med regn og torden som me har no, seier Gjerde som har 22 dekar jordbær under plasttunnell og 7 dekar på friland. Årsproduksjonen hans har vore på 30-35 tonn, men i år vonar han å koma seg opp imot 40 tonn – og han blir verande på Åkra, Norheim og Haugesund for å selja bær –i alle fall ut juli.

Du skal vel ha deg ei korg med søte, norske jordbær? spør Rune Vedøy.

Utanfor Oasen står Rune Vedøy og sel norske jordbær frå Jelsa. Det trivst han godt med. –Det er greiare enn å stå inne i butikken, seier han. –Her får ein kosesnakka med kundane – og det er mange av dei som kjem igjen – og dei færraste kjøper berre ei korg.

–Dei fleste seier dei kjenner forskjell på desse – og på dei utanlandske bæra – og det gjer eg og, seier han og smiler.

E-post