Appex DM

Iskalde heltar

Tor Arne Strand og Lise-Marit Vikse har ein iskald arbeidsplass hjå Hennig-Olsen sitt iskremlager på Raglamyr, og er viktige brikker i distribusjon av store mengder iskrem til iskremhungringe haugalendingar, hardingar og sunnhordlendingar.

Iskalde heltar

Dei dekker eit område som strekker seg frå Vågslid i aust til Austevoll i Nord, heile nord-Rogaland og Sunnhordland, heltane frå Hennig-Olsen sitt iskremlager i Haugesund, og det er ikkje få tonn med iskrem dei køyrer ut dagleg.

Lars-Toralf Storstrand Lars-Toralf Storstrand
E-post

Sjølv om det ikkje nett er den varmaste sommaren, verkar det litt malplassert å sjå Tor Arne Strand og Lise Marit Vikse der dei iført dobbelvatterte kjeledressar og vinterhuve med klaffar nedover øyrene, går inn i polarkulden. For oss som ikkje har slikt utstyr, merkar kulden godt når me fylgjer med dei inn i fryselageret – og skjønar alt mykje betre. For der er det så kaldt at sjølv «bikkjekaldt» ikkje er dekkande terminologi.

Men det gjer ingenting for Tor Arne Strand og Lise-Marit Vikse – som er sjonglerar esker med iskrem som om dei var ute på ei solrik strand.

Der står palle på palle – totalt kring 400 pallar med iskrem av alle slag – frå dei små ispinnane, til dei store dunkane, og meir med stuvd i høgda. For folk i dette distriktet er, trass veret, faktisk av dei største iskremkonsumentane i heile landet.

–I mai hadde me eit sal som var «all time high», og så gjekk det ned litt i juni, men ikkje skadeleg, seier Per Gunnar Laugen som er salgskonsulent ved Hennig-Olsen Is sitt distriktshovedkvarter på Raglamyr i Haugesund.

–Men me håpar på at sommaren kjem for fullt no i juli, seier han og fortel at det er salet i desse månadane som ligg til grunn for resten av året. –Iskrem er sesongvare, sjølv om det blir seld heile året, trass alt.

Laugen fortel at det når det står på som verst er det mellom 50 og 60 pallar med iskrem som skal distribuerast frå Austevoll i nord over heile Sunnhordland, nord-Rogaland og heilt til Vågslid.

Det utgjer kring 30 tonn dagleg i høgsesongen, avhengig av kva varer som blir køyrd ut, fordi enkelte typar iskrem er tyngre enn andre, fortel Laugen og nemner at softis til dømes er mykje tyngre enn ispinnar.

–Det spesielle med vårt konsept er at me køyrer med salssjåførar på gamlemåten. Det er sjåførane som må halda oversynet over kor i distriktet det trengs påfylling – og som sel inn produkta til eikvar tid, seier han – men legg til at det òg er vågnadleg å ringa inn og få levert varer etter ynskje.

Utanfor lageret møter me Claus Haraldseid frå Skjold, som har sommarjobb hjå Hennig-Olsen og iført isolerte hanskar stablar iskrem inn i salsbilane som skal ut og selgja iskaldt gull i mange former dagen etterpå.

–I snitt blir det levert 66 pallar i eit trailerlass frå Kristiansand tre gonger kvar veke, sidan all produksjon av Hennig-Olsen is skjer der. –Visste du forøvrig at Hennig-Olsen lagar sin eigen sjokolade, og difor er ein av dei største sjokoladefabrikkane i Noreg, faktisk tala, seier Laugen. –På lager har me godt over 400 pallplassar – så me har rikeleg på lager av iskrem, seier han.

–Men det trengs, for her lokalt så et me mykje is, og har ein stor del av det totale salet av is, samanlikna med dei andre regionane. Men det er berre ei glede å vera ein del av, smiler Per Gunnar Laugen.

E-post