Neglesprettande blues fra Bjørn Berge

På trass av at straumen gjekk, to gonger på rappen, midt under forestillinga til Bjørn Berge i House of Blues i Skånevik torsdag kveld, heldt den rutinerte bluesgitaristen fram med å spela, til stor jubel frå tilhøyrarskaren.

Lars-Toralf Storstrand Lars-Toralf Storstrand
E-post

Bjørn Berge er tydeleg ein av verdas fremste gitaristar på bluesfronten. Den meir enn unike finger-picking-stilen hans, kan få folk som er konkurrentar av han til å bita negler i frykt, og dei som ikkje er konkurrentar av han får neglesprett i rein fryd over den fantastiske, rytmiske og lausslepne bluesen som han fyller konsertlokalet med.

Berge har spelt sidan han var 13 år gamal, og har såleis lang erfaring på meir enn ein måte. Han spelar med raus og rå energi, som er henta frå bluesen sitt sjeledjup, og som treff djupt i sjela for sjølv den som ikkje er van med å låne øyre til blues som musikkstil i det daglege.

Det slo tungt i dørken på House of Blues, og eit par tok seg spontant ein svingom på golvet, medan blårytmene forplanta seg oppover leggjer og lår hjå alle oss andre. Det er godt å veta at det finst fleire gode musikarar i Norge – enn den vetle eliten som får eiga plass på VG-lista.

E-post