Nils Sørhaug - Vi søker bilmekaniker
Appex DM

Det va’kje lett å vera Froddy idag…

Det va’kje lett å vera Froddy idag…

Stavangerensemblet spela seg inn i hjarto til ein stor tilhøyrarskare i teltet ved House of Blues i Skånevik fredag kveld. Folk sang, dansa og deltok aktivt i konserten med dei gamle siddiskjempene.

Lars-Toralf Storstrand Lars-Toralf Storstrand
E-post

Siddisane framfor nokon, Stavangerensemblet, burde vera kjent for kvar og ein som gjestar Skånevik, så vel som for dei som ikkje har vore i bluesbygda. Den særprega Stavanger-rocken har sine røter på slutten av 1970-talet og forgrunnsfigur Frode Rønli er et syn for såre augo.

Det serskilte med Stavanger-ensemblet og Frode Rønli (sic!) er ikkje minst deira evne til å laga eit heidundrande, drivande show som kan få sjølv den mest stivbeinte til å hoppa av glede.

Songar som «Kan’kje finna fingen», «Kvikke Kanin», «Jan Franskmann», «Foggel i dag» og mange andre har vokst seg inn i den norske folkesjela og blir til stadig spelt på radio, over ein mannsalder etter at gruppa såg dagens ljos – og det til trass for at bandet hadde ein frivillig pause på 16 år mellom 1985 og 2001 – då dei samla seg att.

Tekstane til Svein Tang Wa er eit kapitel for seg sjølv, men det er meir eit spursmål om oppleving. Det er vanskeleg å få utmåla songane slik dei fortener det.

Stavangerensemblet er ei gruppe som det nesten er uråd å anklaga for å spela dårleg. Froddy gjer eit sprudlande sceneverk – der han får med seg publikum i breid stil. Han klatrar ned frå scena og formeleg opp på skiljebarrieren mellom scena og publikum og får publikum til å syngja med.

Diverre fekk Stavangerensemblet eit uynskt problem – med massiv feedback over monitorane – og det var tydeleg at Frode Rønli følte seg ille til mote med det. Det var ikkje lett å vera Froddy i dag. Men det kan korkje Froddy eller Stavangerensemblet lastast for.

Dei gjorde ein god jobb.

 

E-post