Deilige dagar i Skånevik
Karmsund presenterer her eit biletgalleri av livet på årets bluesfestival i Skånevik.
Det blei tre deilige dagar i Skånevik, for både bluesgale, bluesglade, dei som berre er blå til sinns og dei andre som kom berre for å høyra favorittbanda sine – eller berre ha seg nokre dagar fri.
Under finn du 28 bilete frå årets Bluesfestival.
- Det er ingen tvil om kor ein er komen når ein kjem til bluesbygdå Skånevik
- Grillmaten gjekk som varme kveiteboller …eh… nei, som varm grillmat på plenen framfor fjordhotellet. (Foto: LTS)
- Sjølv på bluesfestivalar finn ein tid for å ta ein bit grillmat og slå av ein prat (Foto: LTS)
- Ingen festival utan bluesmateriale (Foto: SMS)
- Bjarne og Kristi Bunes saman med Linda Moors frå Stord vitja Bluesfestivalen
- Vil ein ha tørstedrikka må ein stå i bongkø (Foto: LTS)
- Elwood? (Foto: LTS)
- Jubelen stod ofte i taket (FOTO: SMS)
- 1 ss Ozzy, 1 ss Grateful Dead, 2 dl av 60 åra … og vips…
- Johnny X og Jeanette Y kortar tida med å venta … saman (Foto: LTS)
- Nyss mønstra av etter ein tur på BLÅmyra… (Foto: LTS)
- Ingen løyndom kor Eldar Hagen sin musikksmak ligg, eller? (Foto: LTS)
- Jada, bergensarane hadde sneke seg til Skånevik, dei og (Foto: LTS)
- Nei, kven er vel det (Foto: LTS)
- Redningsmannskapa er alltid klare (Foto: LTS)
- Bluesjentene frå Kvinnherad (Foto: LTS)
- Lick it up? (Foto: LTS)
- Må’kje ta bilde av meg. Eg er så lite fotogen, atte (Foto: LTS)
- 40-50 personar var samla for å få signert boka til Dee Snider…(Foto: LTS)
- Aahh… treng ein seia meir? (Jo: Kor blei rock’n'roll-detektiven av?) (Foto: LTS)
- Blues er filosofisk musikk – det ser du vel (Foto: LTS)
- Skål! for bluesfestivalen (Foto: LTS)
- Stemninga stod mest alltid i taket (Foto: SMS)
- Sjølv på ein bluesfestival kan ein finna tid til stille kontemplasjon! (Foto: LTS)
- Hilde Eriksen fekk seg ein svingom, med ein ukjent medbluesar… (Foto: LTS)
- Nei sjå der; ein ekte bluesman (Foto: SMS)
- Utan mat og drikke … (Foto: LTS)
- Her er tørstesløkkarane (Foto: LTS)
:kultur





























