Nils Sørhaug - Vi søker bilmekaniker
Appex DM

Klart for Sommarfestivalen i Vikedal

MEIR MORO OG UNDERHALDNING I VIKEDAL: Leiar i dagkomiteen Jon Rønnevik (t.v.) og leiar i kveldskomiteen Asle Øverland, saman med pressekontakt for Sommarfestivalen Lilly Laurense Nilsen Hundseid. Foto: SOH.

Klart for Sommarfestivalen i Vikedal

Vikedalbygda i Vindafjord slår seg ikkje til ro. I kveld, torsdag, starter Sommarfestivalen. Dei komande dagane vert fylde av sommardisko, motbakkeløp, fiskekonkurranse, musikk og underhaldning.

Karmsund redaksjonen Karmsund redaksjonen
E-post

 

Pakkers skal på scenen under Sommerfestivalen i Vikedal.

Ikveld, torsdag kveld startar det heile med Sommardisko for dei aller minste på Vikedal Bygdahus, før Vindafjord Idrettslag drar i gong motbakkeløpet «Hestanipen opp» fredag ettermiddag, med start frå Vikedal sentrum. 

- Løpet vart arrangert for første gong i fjor med 120 deltakarar, og me håpar på fleire i år, seier Ingebjørg Rullestad Gjerde, som er ein av dei i idrettslaget som jobbar med arrangementet.

 

 

 

Gunslingers - klar for Vikedal.

Fredag og laurdag er det Sommarfest i Vikedal Båthavn, og både Ingvald Alvseike, Podsoll, Pakkers, Ingenting og Gunslingers er på plakaten.

-Dette er artistar som har spelt her tidlegare og som me har vore svært godt nøgde med. Podsoll og Pakkers er populære lokale band, Ingenting var her for nokre år sidan til stor jubel,  og Gunslingers gjorde så god innsats i fjor at me har valt å få dei tilbake i år. I tillegg er Ingvald Alvseike tilbake,  ein artist som me får mange positive tilbakemeldingar på, seier Lilly Laurense Nilsen Hundseid i kveldskomiteen.

 

 

Ingenting - klar for Sommerfestivalen.

På dagtid laurdag er det Sommarmarked og fiskefestival.
-Fiskekonkurransen er populær og har på dei beste åra vore oppe i over 300 deltakarar. Etter at startskotet  for fiskekonkurransen har gått kl 13.00, blir det sommarmarked i båthamna, sal av mellom anna fiskesuppe og underhaldning for store og små, seier leiar for dagkomiteen Jon Rønnevik.

Sommarfestivalen i Vikedal går over fire dagar og blir avslutta med Sommarbingo på Vikedal Bygdahus søndag kveld. 

E-post