Appex DM

Årets Etnemarknad er i gangSpill av video

Årets Etnemarknad er i gang

Igår braka det laus i naturskjønne Etne. For 32. året på rad går Etnemarknaden av stabelen – med eit venta tal vitjande på kring 35 000.

Lars-Toralf Storstrand Lars-Toralf Storstrand
E-post

-Så langt, så bra, seier Vidar Lund, som er dagleg leiar for Etnemarknaden, idet han går opp festivalplassen med måleband og orange sprayboks for å markera kor dei ulike bodene skal stå. Totalt var det ei veke før marknaden byrjar påmeldt 190 ulike utstillarar, med rom for nokre fleire om det skulle visa seg naudsynt.

–Utstillarane kjem frå heile Noreg, sjølv om hovudtyngda er frå Vestlandsregionen – og dei har med seg alle slag tenkjelege varer, seier Lund, og legg til at på matfronten fins det boder som strekkjer seg heilt frå tradisjonell norsk mat til indisk mat.

Etnemarknaden er den største lokale tilstelninga kva vitjande gjeld – og det er venta at kring 35 000 menneske kjem til å koma innom marknaden, som byrjar den 2. august og varer til og med den 5. august. Til samanlikning er det kring 10 000 vitjande innom dei to andre store festivalane i distriktet.

–Skilnaden er jo først og fremst at dette ikkje er nokon festival, men ein marknad – eit familiearrangement, seier Lund som fortel at det er mange som kjem fast for å delta på marknaden. –Det har blitt ein tradisjon for mange, seier han.

Musikkmessig opnar Etnmarknaden med bergensmusikaren Gabrielle (Leithaug) på torsdagen,  medan Marit Larsen avsluttar på søndagen. I tillegg kjem det afrikanske bandet Soweto Entsha på laurdagen, det etterkvart verdskjende Storm Weather Shanty Choir kjem innom for å syngja og spela til underhaldning, fredag ettermiddag medan countrycoverbandet The Johnny Cash Machine kjem for å spela på laurdagskvelden.

I tillegg kjem sjølvsagt Lunds Tivoli, det blir vikinglandsby og det blir oppvisning med gjetarhund og vågnad for å køyre med hest og kjerre – på gamlemåten.

Marknadstida er frå 10:00 til 19:30 frå torsdag til laurdag, og fredag og laurdag kveld tek balubaen til frå klokka 20:30 igjen.

«Karmsund» fylgjer marknaden opp seinare i veka.

E-post