Appex DM

HEILT TURBO PÅ «SILDABOGGIEN»

Sakna treff på Vestlandet: Kjell Kristian Saltvedt ved Haugesund Last er initativtakaren til Sildaboggien

HEILT TURBO PÅ «SILDABOGGIEN»

Ti amerikanske trekkvogner kom heilt frå Austlandet og til Haugesund i år. Laurdagen under Sildajazzen, blei veteranlastebiltreffet «Sildaboggien» arrangert for femte gong.

Karmsund redaksjonen Karmsund redaksjonen
E-post

Klokka er ikkje er meir enn elleve på føremiddagen, men det er allereie grillmat, øl og stor feststemning midt i Skjoldavegen.

På langbord i tre sit gamle, men likevel levande legender frå transportbransjen. For nettopp på denne staden dreiv det tidlegare og kjende transportselskapet Vest Transport AS til. Det kryr av gamle lastebilar, og det tek til å bli ganske trongt om plassen for stadig nye festivalgjestar. Det brommar frå motorar frå kjende og heller sjeldne merke. Diesel og -bensinmotorar, både V-8 og rekke-seks-ar sviv utan som eit klingande orkester for entusiastar.

«Sildaboggien» anno 2012 blei arrangert for femte gong på området til Haugesund Last, der vaskehallen til gamle Haugaland Billag låg. Nykelpersonen bak arrangementet er Kjell Kristian Saltvedt, som driv lastebil og og -tilhengarverkstaden Haugesund Last AS, til vanleg. Det har vore dårleg med lastebiltreff Vestlandet, og entusiastane må difor reisa langt.

-Me sakna eit lastebiltreff på Vestlandet, seier Saltvedt.

Kortesje

Arrangementet har sidan det starta, alltid blitt gjennomført under laurdagen i Sildajazzen. Det inkluderer også ein kortesje, med den faste traseen gjennom Haugesund sentrum, over Risøy bru og innover til bilmuseet til Rolf Wee på Frakkagjerde står sjølvsagt på agendaen i år også.

Ordet «boggi», er ei nemning på to eller fleire akslingar som sit tett saman på eit kjøretøy, som er veldig vanleg på større lastebilar.

I tillegg er han stolt eigar av den amerikanske lastebilmodellen Peterbilt. I år var han ikkje åleine om å stilla ut dette merket. I år kom det nemleg eit stort reisefylgje i frå Austlandet. Til saman var det ti lastebilar av merket Peterbilt som hadde teke turen over til Haugesund.

Eit reisefylgje og fire lastebilar, tre Volvo-ar og ein Bedford frå Stangeland Maskin i sørfylket var også til stades for fyrste gong dette arrangementet.

Høie-bussen

Olav Svandal stilte ut bussen, ein Volvo 1963-modell, ått av dåverande Haugaland Billag som gjekk i rute frå Haugesund til Høie i Tysvær. No har bussen skifta eigar til Rutebilhistorisk Forening. Svandal har også fungert som sjåfør og veteranentusiast på «den gamle Haukeliekspressen», som har gått som sightseeingbuss i Haugesund sentrum. Diverre har denne bussen fått nokre tekniske problem, og har derfor ikkje vore å sjå i bybildet denne sommaren.  – Me håpar på å få den i stand igjen, seier Svandal.

Brannbil frå 30-talet

Underbrannmeister Geir Søvik ved Haugesund brannvesen deltok for fyrste gong på Sildaboggien i år, saman med den gamle stigebilen. Det er ein Volvo 1936-modell, med ein bensindrive rekkeseksmotor. Den har vore i operativ drift fram til 1973.

Seinare, og fram til 1992 fungerte han til tider der det var mogleg som ein reservebil. Stigen når om lag 22 meter, og har difor vore praktisk å nytta seg av. I 1987 blei han nytta under bybrannen i Haugesund. Dei siste ti åra har han berre vore nytta som entusiastkjøretøy.

-Me er fem mann i Veteranbilklubben i Haugesund som jobbar med bilen kvar onsdag, seier Søvik.

Då klokka nærmar seg to på føremiddagen blir det klart for kolonna ned til Haugesund sentrum. Brannbilen dannar baktroppen, men slit til tider med å halda fylgje med resten av dei andre.

Det dundrar mest like høgt som ein båtmotor, og lukta av bensin og eksos riv i nesa. Med litt dobbelkløtsjing og skrapng i gir kjem den gamle travaren sakte, men sikkert saman med resten av kortesjen. Gjennom Skippergata og over Risøy bru tar han sirena i bruk til glede for store og små tilskoderar. – Den har vore sprekare, humrar Søvik.

Av Knut Johan Hallsjø Aarvik

E-post